Hopp til hovedinnhold
Kollasj med elevar i ulike aktivitetar. To gutar med styringspanel, ei jente som luktar på rosa væske, glade elevar som smilar, og jente som jobbar med apparat.

Velkomen til Bømlo vidaregåande skule!

Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, samt undervisning i tilrettelagte grupper. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og læring hand i hand!

Undervisningsevalueringa 2025-26

-informasjon til elevar og føresette

Me treng eksamensvakter

Me ynskjer å koma i kontakt med deg som ynskjer å vera eksamensvakt våren 2026. Dette passar for deg som har noko datakunnskap og som er tilgjengeleg i heile eksamensperioden, mai og juni. Ring skulen på 54 42 38 00 innan 10.02.2026 om du er interessert, så inviterer me deg til ein prat.

Aktuelle saker

09.01.2026

Pengespel på agendaen

I slutten av november hadde politibetjentane Torbjørn Lodden og Kristoffer Isachsen, ungdomskontaktane Marianne Lidal og Marianne Undheim, kommunepsykolog Øivind Johnsen og helsesjukepleiar Linn Therese Olaussen eit føredrag om pengespel for elevar p...

06.01.2026

Felles juleavslutning

Siste skuledagen før jul var det duka for ei innhaldsrik og stemningsfull juleavslutning!. Det var trangt om plassen og me gledde oss over mange flotte innslag, både med og utan nissehue. Etterpå vart det servering av graut og anna moro!

Alle på Bømlo vgs samla på Leite
16.12.2025

Volleyballdag 2025

Volleyballdagen rett før jul er ein lang og populær tradisjon ved Bømlo vgs. Også i år vart det mange kampar og god stemning i hallen! Best av alle vart til slutt ELa, som vann over ELb i finalen. Me gratulerer!

Stor aktivitet i hallen på volleyballdagen