Hopp til hovedinnhold
Kollasj med elevar i ulike aktivitetar. To gutar med styringspanel, ei jente som luktar på rosa væske, glade elevar som smilar, og jente som jobbar med apparat.

Velkomen til Bømlo vidaregåande skule!

Bømlo vgs er ein moderne og framtidsretta skule med eit variert fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, samt undervisning i tilrettelagte grupper. Bømlo vgs er skulen som set trivsel og læring i høgsetet. Slagordet vårt er: Trivsel og læring hand i hand!

Aktuelle saker

02.10.2025

Rosa torgtime!

Torgtimen er ein god, gammal tradisjon ved Bømlo vgs. Torsdag i 3. økt var det duka for ein ny time med ulike innslag, song og premiering. Arrangementet var og ei 30-års markering. Det er no 30 år sidan me flytta inn det flotte skulebygget på Leite. ...

Presentasjon av Løp for livet-komiteen.
30.09.2025

Eit rosenrødt prosjekt!

Oppgåva var å laga ei rose i metall. Dei fire TIF-klassane har brukt tynnplater på 0,7 mm som dei har teikna og klypt ut for hand. Sidan vart kronblada forma slik dei ville ha dei og lodda med hardlodding fast til stilken. Det blei mange fine buketta...

Fargerike roser i metall
29.09.2025

Fagdag og fotballturnering i strålande solskin!

På fredag hadde studiespesialisering vg1, vg2, vg3 og påbygg, fagdag i kroppsøving. På programmet stod det fotballturnering, og fokus var på god innsats, samarbeid og inkludering.

Vinnarlaget "Argentina" vann turneringa!