Elevar, lærarar og leiing ved Bømlo vidaregåande skule har arbeidd med og drøfta temaet klasseleiing og læringsmiljø. På bakgrunn av det som er kome fram samlast me om desse felles momenta som me meiner kjenneteiknar ei god læringsøkt.
God læringsøkt - felles ansvar
Lærar og elev har i fellesskap ansvar for at læringsøkta skal bli god. Læraren har den faglege, pedagogiske og metodiske kompetansen og er difor leiaren i klasserommet.
Elevane har ansvar for eiga læring og medansvar for andre elevar si læring.
Kjenneteikn ved den gode læringsøkta:
Starten
- Alle møter presist og er godt førebudde
- Alle helsar på kvarandre - ser og blir sett
- Alle har med bøker o.a. som trengst til økta
- Læringsøkta skal ha plan og eit klart mål
- Kort oppsummering av førre økt, med m.a. tilbakemelding på lekser
Gjennomføringa
- Fagleg fokus
- Orden og struktur med arbeidsro tilpassa aktivitet
- Læraren styrer PC-bruken
- Tovegskommunikasjon
- Variera, motivera og inspirera
- Faglege tilbakemeldingar undervegs i arbeidet
Avslutninga
- Oppsummering/samandrag/refleksjon over
- kva me har lært
- på kva måte me sjølv har vore med og gjort læringsøkta god
Verdiar og haldningar
Ved Bømlo vidaregåande skule ønskjer me å verna og verja om viktige verdiar, og vil at skulen vår skal kjenneteiknast ved:
- at me respekterer kvarandre
- at det er eit godt forhold prega av samarbeid mellom elevar og tilsette
- at det er godt samarbeid på tvers av klassar og programområde
- at alle godtek at det er visse reglar og normer som må følgjast
- at alle er villige til å ta ansvar
- at me er flinke til å gje ros og respons til andre
- at både elevar og lærarar er presise og punktlege, og til å stola på
- at alle kjenner seg trygge og aksepterte
- at det er eit godt sosialt miljø som både elevar og tilsette tek del i