Hopp til hovedinnhold

Konkurranse og treningsleir i matematikk!

Elev Vemund sit bak eit bord og smilar

Ein av elevane våre var tidleg i mars på tre dagars treningsleir i matematikk i Trondheim. Deretter følgde to rundar med konkurransar i faget og avsluttande finale. Abelkonkurransen er ein nasjonal konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i vidaregåande skule.

Første runde hadde 20 matematikkoppgåver som skulle løysast på 100 minutt. Frå denne runden avanserte dei 10 % beste til andre runde, der ein skulle rekna seg gjennom 10 oppgåver på 100 minutt. I finalen tevla dei 25 beste samanlagt frå runde 1 og 2. Vemund kom her på ein flott 13. plass! Neste er nordisk meisterskap 4. april. Me gratulerer og ønskjer lukke til!

Du kan lesa meir om Abelkonkurransen på nettsidene til Matematikksenteret. Der finn du og oppgåvene frå i år og tidlegare.