Heile skulen samla seg i dag i Fuglaberget på Leite for å markera at det snart er jul, og at juleferien no er i gang!

Tradisjonen tru fekk me høyra Legenda om dei fire adventslysa.

Ole Tvedt imponerte, som i fjor, stort på piano då han framførte Bohemian Rhapsody!

2AUT vann tidlegare i veka årets juleturnering i volleyball, og det måtte sjølvsagt markerast i dag med premie til vinnarane. Laget kunne avsløra at dei ikkje hadde nokon spesiell taktikk. "Me var berre best!"

Nytt av året er det at det er to elevrådsstyrer på skulen – eitt på Rubbestadneset og eitt på Leite. Me fekk høyra om kva arbeid elevrådet har gjort så langt dette skuleåret, og planane vidare om mellom anna ein skulegenser.

Eirik og Malin fortalde om Løp for livet sine aktivitetar dette skuleåret.

Rektor Tor Inge Kalstad ønskte alle elevane ein god og velfortent juleferie.

Det same gjorde ordførar Morten Helland.