Elevane på vg2 studiespesialisering som tar tysk, har vore i Berlin på studietur. Der fekk dei besøka kjente landemerke i byen, i tillegg til å vera på språkskule.
Elevane som vel å gå på studiespesialisering, får i vg2 moglegheita til å reisa på språkreise, der tyskelevane reiser til Berlin, mens spanskelevane tar turen til Malaga. Årets språkreiser skjedde eit par veker før påskeferien, og elevane som reiste til Berlin saman med lærarane Ingunn Røstbø og Eline Lindøe Nitter fekk mellom anna besøka stasifengselet Hohenschönhausen og dei fekk sjå minnesmerket over Berlinmuren i Bernauer Straße. I tillegg guida dei kvarandre på andre kjente stadar i byen, og dei var tre dagar på språkskule.

På språkskulen "die deutSCHule" var sjølvsagt all undervisning på tysk.

Byguiding i Friedrichshain-Kreuzberg med lærar Malte frå språkskulen.

Fernsehturm (fjernsynstårnet) i Berlin.

East Side Gallery.

Gedenkstätte Berlinermauer i Bernauer Straße.

På besøk i stasifengselet Hohenschönhausen.

Guiden der var eit tidsvitne som kunne fortelja ei sterk historie.

Heile gjengen samla i kuppelen på Reichstagsgebäude (riksdagsbygningen).
Foto: Eline Lindøe Nitter