Russen og avgangselevane på Bømlo vgs arrangerte i førre veke eit svært så vellykka Løp for livet-arrangement til inntekt for kreftsaka.
Heilt sidan 1989 har russen og avgangselevane på Bømlo vgs tatt på seg å arrangere "Løp for livet", med ulike arrangement i løpet av året til inntekt for Kreftforeininga. Årets skuleløp blei nok ein gong eit prikkfritt arrangement – med flotte rammer!

Eirik og Malin leverte ein strålande innsats som konferansierar.

Til stades i Bømlohallen var elevar frå alle ungdomsskulane på Bømlo, samt Bømlo vgs.

Kreftforeininga var på besøk og takka for den imponerande innsatsen elevane på Bømlo har gjort gjennom 36 år for å samla inn pengar til kreftforsking, og for at mange som blir ramma av kreft kan få leva eit lengre og betre liv. "Det er ingen i Kreftforeininga som ikkje veit kva Løp for livet-aksjonen på Bømlo er for noko", fortalde Håkon Larsson Fedde.

Rektor ved Bømlo vgs, Tor Inge Kalstad, var stolt av den fantastiske jobben avgangselevane har gjort for Løp for livet.

Gunn Lægreid Haldorsen var invitert for å fortelja om då ho fekk lungekreft med spreiing for fem år sidan. Ho vil aldri bli kvitt kreften, men ein ny medisin som kapslar inn kreftcellene, gjer at sjukdommen blir sett på pause. Hadde det ikkje vore for all forskinga som blir gjort på kreft og behandlingsmetodar, ville ho ikkje ha vore i live no.

Maria Haldorsen Lægreid, dotter til Gunn, fortalde om korleis det er å vera nær pårørande til nokon som får kreft.

Så var det tid for årets russedans ...

... med dansemoves frå øvste hylle.

Heile Løp for livet-komiteen samla.

I kiosken var det mogleg å få seg både kake, muffins, boller, brus, kaffe og anna godt. Alle inntektene gjekk til Kreftforeininga.

Så var det tid for stafetten der elevane på vidaregåande og alle ungdomsskulane på Bømlo sprang for klassen sin. Starten var utanfor Bømlo vgs.

Til saman var det 21 etappar der den første òg var den lengste.

Ein del av russen har tradisjonen tru skaffa seg russebil.

Russen stilte òg sjølv lag.

Me er her komne litt over halvvegs i stafetten som gjekk rundt Storavatnet.

Perfekt veksling!

Etter løpet var det først tid for eit lite russefrieri.

Så var det tid for premieutdeling. Raskaste lag, beste kostyme og beste stafettpinne blei alle premiert.

Beste stafettpinne var, ifølge juryen, ein fiskeglad Tor Inge.

Russen meinte at dei sjølv vann, og at dei på ingen måte hadde juksa, men premien for raskaste lag gjekk likevel til elevane på maritim.
Foto: Per Titlestad og Tommy Kvarsvik