Løp for livet fyller i år 35 år, og russen arrangerte eit prikkfritt arrangement denne veka då elevar og lærarar frå Bømlo vgs og alle ungdomsskulane på Bømlo gjennomførte det årlege skuleløpet til inntekt for Kreftforeininga.

Lagsiga og Thilde var konferansierar under arrangementet i Bømlohallen.

Løp for livet-styret fekk velfortent merksemd for den framifrå jobben dei har gjort i løpet av skuleåret med alle arrangementa til inntekt for kreftsaka.

Kreftforeininga var på besøk og takka for den imponerande innsatsen russen på Bømlo har gjort gjennom 35 år.

Alle kjenner nokon som har fått kreft.

Ida, som er elev ved Bømlo vgs, fortalde historia si om korleis det har vore å få kreft to gongar og i tillegg bli blind.

Rektor Tor Inge Kalstad hadde mange gode ord å seia om jobben russen har gjort dette året for Løp for livet.

Eit aldri så lite russefrieri blei det òg tid til. Det blei ja!

Russen hadde tradisjonen tru øvd inn ein dans.

Dansemoves frå øvste hylle!

Frå vekslinga mellom etappe to og tre.

Lærarane på Bømlo vgs stilte sjølvsagt lag. Vekslinga mellom Torbjørn og Tor Inge ser ut til å gå knirkefritt for seg.

Rebekka med ein svært original stafettpinne.

Siste innspurt.

Ordførar Morten Helland hugsar då Løp for livet starta. Sjølv var han med og sprang den andre gongen skuleløpet blei arrangert. I år var det altså 35. gongen.

Stinn brakke i Bømlohallen.

Årets vinnarar blei klasse 2STa ved Bømlo vgs.