Hopp til hovedinnhold

Trafikkdag med smell

Mange køyretøy, mellom anna ambulanse og brannbil, står parkert på ein stor parkeingsplass. Mange folk ser på.

Trafikkdagen 2025 fekk ein heilt ny vri – men det small framleis godt!

Trafikkdagen 2025 blei arrangert i førre veke, denne gongen for alle elevar på skulen – i Bømlohallen. Sjølv om arrangementet var litt annleis, var målet med dagen som tidlegare å setta fokus på trafikktryggleik og å få elevane til å reflektera rundt konsekvensane av ikkje å ferdast i trafikken på ein sikker måte.

IMG_2998.jpg

Rektor Tor Inge Kalstad ønskte først alle elevane velkommen, før turen gjekk vidare ned på Sirkusplassen.

IMG_3002.jpg

Elevane fekk sjølv sjå kva krefter som er i sving når ein bil krasjar i 80 km/t. Det small godt då bilen som blei sloppe ned møtte asfalten.

IMG_3004.jpg

Naudetatane demonstrerte kva som skjer under ei fullskala utrykking.

IMG_3005.jpg

Både ambulanse, brannvesen og politi var på plass.

IMG_3006.jpg

Brannvesenet demonstrerer korleis dei får opp døra til bilen ved hjelp av spesialutstyr.

IMG_3007.jpg

Elevane kunne følga det heile på trygg avstand.

IMG_3009.jpg

Tilbake i hallen tok Lene Hetland frå ambulansetenesta for seg kva ein skal gjera når ein kjem til ein ulykkesstad.

IMG_3010.jpg

Elevane fekk trena på å sikra fri luftveg for pasienten. Dette er det aller viktigaste å sjekka når ein kjem til ein medvitslaus person.

IMG_3011.jpg

På scenen sat rektor Tor Inge Kalstad, Alf Helge Greaker i Norsk motorcykkel union (NMCU), Lene Hetland i ambulansen, Stein Erik Hagenes i Sunnhordland Trafikkopplæring, Kristoffer Friis Isachsen i politiet, brannsjef Ove Halleraker og beredskapsleiar Frode Sagvaag i Bømlo brann og redning og svarte på spørsmål, samtidig som elevane blei utfordra på ulike spørsmål knytt til trafikktryggleik.

IMG_3013.jpg

Til slutt fekk elevane moglegheit til å besøka ulika standar. Mellom anna var NAF på plass med sin "Bråstopp", der elevane fekk testa korleis det kjennest å krasja i 10 km/t. Utan bilbelte hadde dei ikkje hatt kjangs til å halda seg fast.