Hopp til hovedinnhold

Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Skulehelsetenesta gjev tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til elevar ved Bømlo vidaregåande skule.

Tilbodet er for elevar i alderen 16 – 19 år som ikkje har fått vaksine før. Den er gratis då Bømlo Kommune og Fylkeskommunen dekker kostnadar, og den gjev beskyttelse i 10 år.

Elevar som har fylt 16 år, har samtykkekompetanse i høve eigen helse og kan sjølv bestemme om dei ynskjer vaksine. Ein kan sjekke «min side» hjå www.helse-norge.no om ein har teke vaksine tidlegare.

Organisering:

Kontaktlærar har påmeldingsskjema med frist 12.03.25. Skulehelsetenesta vil hente inn elevar klassevis på aktuell vaksinasjonsdag. Dersom ein har feber vaksinasjonsdag, kan ein ikkje ta vaksine.

Følgjande datoar er sett av for vaksinasjon:

  • Måndag 17.03.25 ved lokasjon Rubbestadneset, og Leite på slutten av dagen
  • Onsdag 26.03.25 ved lokasjon Leite

Om det er særskilte omsyn eller behov, ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar Linn i forkant, tlf; 48862577.

Ulike vaksiner:

Kommuneoverlegen har utarbeida eit skriv med informasjon, då det finst to ulike vaksiner mot smittsam hjernehinnebetennelse. Elevane kan sjølv ta stilling til om dei ynskjer den andre vaksina i tillegg.

Les skrivet frå kommuneoverlegen

Meir info om vaksine finn de hjå Folkehelseinstituttet: