Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velja helse- og oppvekstfag?
Ynskjer du å arbeida med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov? Kanskje du trivst når ingen arbeidsdagar er like og det oppstår nye situasjonar kvar dag? Då kan helse- og oppvekstfag vera noko for deg!
Kva kan du bli?
Du kan velja mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstsektorane, både i privat og offentlege verksemder. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør og apotekteknikar til hudpleiar og barne- og ungdomsarbeider – eller kanskje tannhelsesekretær?
Me tilbyr:
Vg1 helse- og oppvekstfag
Vg2 barne- og ungdomsarbeidar
Vg2 helsearbeidarfag
På Bømlo vgs. har me eit godt samarbeid med bedrifter, kommunar og helseforetak i distriktet. Du har yrkespraksis ein dag i veka, noko som gir deg erfaring og eit godt grunnlag for fagleg utvikling.