Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Bilete av landskap med anlegg for akvakultur

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velja naturbruk:

Vel du naturbruk og akvakultur, opnar det seg mange jobbalternativ innan akvakultur og havbruk. Noreg er ein leiiande nasjon innan desse områda, og du kan få drøymejobben på dei mest moderne produksjonsanlegga som finst.

Kva kan du bli?

Med akvakultur kan du bli fagarbeidar i akvakultur med jobbmoglegheiter innan oppdrettsanlegg og mat- og settefiskanlegg.

Me tilbyr:

Vg1 naturbruk
Vg2 akvakultur

Vg1 naturbruk

Naturbruk handlar om korleis ein kan driva næring basert på naturressursar. Programfaga skal legga grunnlag for sikker matproduksjon og for aktivitet og opplevingar med dyr og natur. Du vil òg læra deg å forstå samspelet mellom natur, samfunn, økonomi og berekraft. Naturbruk på vg1 handlar mellom anna om akvakultur, fiske, landbruk og skogbruk – med andre ord fag som handlar om miljø.

Alt etter kva interesser du har, får du prøva deg i praksis i ulike fag.

Naturbruk gir deg både allmennkunnskap og yrkeskompetanse, med høve til å ta fagbrev. Fagbrev kan du ta etter fire år (to år på skule og to år i lære). 

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • naturbasert næringsaktivitet
  • naturbasert produksjon og tenesteyting


I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping, matematikk, engelsk, naturfag og kroppsøving.

Vg2 akvakultur

Oppdrett av ulike fiskeartar er ei av Noregs viktigaste næringar. Denne næringa vil veksa vidare i framtida.

Akvakulturutdanninga er ei praktisk og teoretisk utdanning. I løpet av året vil du få praktisk opplæring med lokale oppdrettarar i 10–11 veker (settefisk og matfisk), og på skulen vil du få eit godt fagleg og teoretisk påfyll av mange gode lærarar. Bømlo vgs har ei offisiell samarbeidsavtale med Bremnes Seashore.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • anlegg og teknikk
  • biologi og miljø
  • drift og produksjon


I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping, norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Elevar med gul redningsvest

Vegen vidare

Etter skuleslutt kan du gå to år i lære i ei bedrift der du vil få fagbrev, og moglegheit til å arbeida i ei næring med gode framtidsutsikter, med varierte arbeidsoppgåver og gode løns- og arbeidsvilkår. Vg2 akvakultur gjev deg teori til fagprøven i tillegg til allmenne fag, slik at du med eit påbyggingsår får generell studiekompetanse. Dersom du ser for deg ei høgare utdanning på universitet eller høgskule (marinbiologi), vil eit slikt utdanningsløp vera midt i blinken.

Utdanninga vil kunne tilby mange ulike sertifikat og kompetansebevis.