Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Elev på teknologi- og industrifag arbeidar med teknisk utstyr

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja teknologi- og industrifag (TIF)?

I Sunnhordland-området er det ein stor og variert industrisektor, med mange spennande bedrifter. Desse tilset mange lærlingar som har bakgrunn frå teknologi- og industrifaga i skulen. TIF er det største yrkesfaglege programområdet, og kan gi deg arbeid i ei lang rekke bedrifter.

Kva kan du bli?

Dersom du tek til på TIF, kan du løysa fagbrev i til saman 57 ulike lærefag. I vårt område er desse faga/yrka vanlege: bilfaga, brønnfag (retta mot petroleumsindustrien), mekaniske fag som maskinering og CNC, industrimekanikar, industrimontør, sveisefaget, matros- og motomannfaget osb.

Me tilbyr:

Vg1 teknologi- og industrifag
Vg2 industriteknologi
Vg2 maritime fag
Vg2 automatisering (kryssløp)

Elevane i vg2 industriteknologi inngår i «Pilotprosjektet» som næringslivet og den vidaregåande skulen har i lag. I prosjektet er det eit utstrekt samarbeid mellom skulen og bedrifter, med m.a. utplassering i bedrift for elevane. Fleire opplæringskontor samarbeider også tett med Bømlo vgs om formidling av lærlingar frå vg2 industriteknologi.

Elevane i maritime fag nyt godt av nært samarbeid med dei maritime opplæringskontora. Representantar for Maritimt opplæringskontor i Haugesund og Austevoll opplæringskontor vitjar skulen fleire gonger i skuleåret og gir råd til dei kommande lærlingane.

Frå vg1 TIF kan du også velja vg2 automatisering som kryssløp. Dette vg2-kurset høyrer inn under utdanningsprogrammet elektro og datateknologi, men kan altså veljast etter vg1 TIF.

Vg1 teknologi- og industrifag

Her får du ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring som gir ei brei plattform for vidare yrkesval. Du vil få grunnleggande og enkel trening i alle delar av ein produksjonsprosess med planlegging, produksjon, vedlikehald, dokumentasjon og kvalitetssikring. Kjennskap til tryggleik og til nasjonale og internasjonale standardar og retningsliner vil du også lære meir om.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • produksjon og tjenester
  • konstruksjons- og styringsteknikk
  • produktivitet og kvalitetsstyring

I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), matematikk, engelsk, naturfag og kroppsøving.

Vg2 industriteknologi

Dette er den mest allsidige utdanninga du kan ta på yrkesfag. Det er heile 28 ulike fagbrev som byggjer på vg2 industriteknologi.

Faget skal gi deg eit grunnlag for yrkesutøving innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • teknologi
  • vedlikehold

I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Vg2 maritime fag

Du får her grunnlaget for yrkesutøving om bord på skip og flytande installasjonar. Opplæringa legg til rette for ei praktisk og variert opplæring i rutinar og system om bord.

Ønskjer du å gå til sjøs som kaptein eller maskinsjef, er dette faget for deg. Etter at du har fått fagbrev som matros eller motormann, kan du gå på maritim teknisk fagskule og skaffa deg offiserspapir. Med tillegg av fartstid, kan du få offiserssertifikat.

Felles programfag du skal ha dette året er:

  • skipstekniske tjenester
  • dokumentasjon og kvalitet
  • valfritt programfag: dekk eller maskin


I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

Vg2 automatisering (kryssløp)

Du kan søka spennande jobbar når du har utdanning på vg2-nivå i automatiseringsfaget. Du lærer om produksjon av styrings- og fordelingstavler til industri og skipsfart som tavlemontørlærling, eller du kan verta lærling i det spennande FU-operatørfaget (fjernstyrte undervassoperasjonar – ROV). Mange held fram på vg3 automatiseringsfaget.

Faga du skal ha dette året er:

  • automatiseringssystem
  • elenergisystem

I tillegg kjem: yrkesfagleg fordjuping (YFF), norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.

To jenter arbeider. Dei har på seg vernebriller.

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søka læreplass i godkjende lærebedrifter og få deg fagbrev i eitt av dei mange yrka som bygger på TIF. Det gir deg ei god fagutdanning som opnar døra til mange engasjerande og interessante jobbar. Ønskjer du å studera vidare på høgskule eller universitet, kan du også ta påbygging til generell studiekompetanse. Dette ekstra skuleåret kan du anten gi deg i kast med rett etter dei to åra på teknologi- og industrifag, eller etter at du har teke fagbrev.